Bilete på lerret
Nokre av bileta mine har eg bearbeida og trykt på lerret. Eit utval av bileta heng for tida utstilla på Lysefjordsenteret i Forsand.
Bileta kan leverast i forskjellege størrelsar, og er ferdig montert på treramme.
Sjå nokre av bileta her.
Eg leverer òg bilete på fotopapir, trykt med fotoprinter sett inn i forskjellege typar glasrammer.
Ynskjer du hjelp til redigering av dine eigne bilete, kan eg òg hjelpa deg med det, anten det er nye, digitale foto som du vil optimalisera for utskrift, eller det er gamle papir-bilete som du vil ha i anna format eller som treng å fiksast litt etter å ha loge litt for lenge i ei skuff...
Handbok for Lysefjorden, "Langs Lysefjorden"
Boka "Langs Lysefjorden" er først og fremst laga med tanke på å vera ein guide for turistar på besøk i Lysefjordområdet, men boka er like aktuell for alle som ønsker å læra meir om Lysefjorden si kulturhistorie. Boka fortel kort om alle plassane innover fjorden, historiar om folk, arbeid og levemåte, samt generell informasjon om Lysefjorden. Det er òg turforslag i tilknytning til kvar plass. Dette er lokalhistorie, fortalt på ein lettfatteleg måte med bruk av mange bilete for å underbyggje teksten.
Utsalspris: kr 125,-
ISBN 978-82-303-1802-7
Boka kan kjøpast på utsalsplassar i Forsand, Strand, Stavanger og Sandnes, samt på AKS sitt kontor på Rettedal. Forhandlarrabatt.
Utgivar, tekst og grafisk formgiving: AKS as, v/Perly Annette Berge
Lysefjordkalenderen
Klikk på biletet til venstre for å sjå Lysefjordkalenderen 2011 i lågoppløyseleg format.
Format: 30
x 30 cm.
Det er ikkje laga kalender for 2012. Ta kontakt om ditt firma ynskjer å få utarbeida kalender for neste år.
Postkort



Format: 13,9 x 10,7 cm.
Pris: kr 8,-. Lågare pris ved bestilling av større antal.

