Treng du hjelp til å utforme grafiske produkt?
Me er opptekne av å laga produkt som fungerer for våre oppdragsgjevarar. Grafisk design handlar om å arrangera tekst og bilete for å kommunisera slik at budskapet kjem tydeleg fram. Å arbeida med det visuelle uttrykket, krev nøyaktighet og forståing av oppgåva. Nokon gonger handlar det om å halde seg til ein etablert grafisk profil, andre gonger er det å utvikle eit uttrykk og budskap frå grunnen av.
Me ynskjer å vera Ryfylke sin lokale samarbeidspartner innan grafisk utforming.
